|
Tekst og foto: Frode Verpe
Den 15. mai er det formannskaps- og kommunestyremøte i Sirdal rådhus. Saksdokumenta er tilgjengeleg på kommunens heimeside og møta vert direktesendt med både bilete og lyd.
Alt ligg altså til rette for at innbyggarane i kommunen kan engasjere seg i dei politiske prosessane. – Vi ønskjer eit levande, engasjerande og ope lokaldemokrati i Sirdal. At innbyggarane kan følgje dei politiske avgjerslene direkte er viktig for å sikre dette, seier ordførar Jonny Liland.
Engasjerte innbyggarar

At det er engasjement hjå innbyggarane i Sirdal får vi eit døme på i kommunestyremøtet kl. 18. Då skal kommunestyrerepresentantane, i sak 24/39, handsame eit innbyggarforslag om å ruste opp utearealet ved Sinnes skule. Saka vert lagt fram utan innstilling frå kommunedirektøren slik regelverket tilseier ved handsaming av innbyggarforslag.
Tilskot til bustadbygging
Kommunestyret skal òg handsame revidert Reglement for finansiell støtte til bustadbygging i sak 24/37. Sirdal kommune har allereie ei av landets beste støtteordningar for bustadbygging. No skal politikarane avgjere om ordnings skal bli enda betre. Frå handsaminga i formannskapet følgjer det ei rekkje endringsframlegg som aukar den finansielle støtta. For dei som har byggeplanar vert handsaminga med andre ord ekstra interessant.
– Ordninga med subsidierte kommunale bustadfelt har vi hatt i Sirdal mange tiår. Det er lagt ut felt frå Fidjeland i Nord til Øksendal i sør. Rimelege tomter er viktig for å sikre busetting i heile kommunen. Ordninga med støtte til bustadbygging utanfor kommunale felt er til samanlikning ganske ung. Vi bestemte i budsjettet at den skulle reviderast. Nå har vi fått saken og sett innspela, og så er det opp til politikarane å avgjere. For min del er det viktig at ordninga motiverer til bustadbygging og at den ikkje forskjellsbehandlar dei som bygger utanfor bustadfelt. Samstundes er det viktig at ordninga ikkje vert prisdrivande. Då går vinninga opp i spinninga, kommenterer ordførar Jonny Liland.
Formannskapsmøtet
I formannskapsmøtet kl. 12 vert det handsama både søknader og klager. Dessutan står Sirdal kommunes høyringsinnspel til Regionplan Agder 2030 med regional planstrategi 2024-2027 på sakskartet i sak 24/39.
I framlegg til vedtak frå administrasjonen vert det trekt fram at planen er ei god revidering som set fokus på dei viktigaste samfunnsutfordringane i fylket. Dessutan ber Sirdal kommune om at fylkeskommunen legg opp til ei brei medverkingsprosess i utarbeidinga av ny Regionalplan for grøn industri og energi. Saka går vidare til endeleg avgjersle i kommunestyret same dag.
Sendinga frå formannskapet kl. 12 kan du følgje her (link)
Sendinga frå kommunestyret kl. 18 kan du følgje her (link)