Påmelding til årets bygdejakt

Påmelding til trekning av bygdejakt på villrein i Sirdal, Valle og gml Forsand kommuner.

Det er også i år berre eitt bukkekort i potten. Påmelding skjer per e-post til sven.sandvik@sirdal.kommune.no seinast 18. juni. De treng ikkje legge ved signert jegerkontrakt i denne omgang. Dette vil bli etterspurd frå dei som er øverst på lista etter trekning. Trekning av vinnar og reserveliste blir gjennomført og resultatet kunngjort på sirdal.info 19. juni.

Vinnaren av trekninga får kjøpe bukkekortet til bygdejaktpris, det vil sei 6100 kroner. Jaktkortet er personleg og skal – dersom det ikkje vert brukt – tilbydast til neste person på reservelista til ein nærare fastsett rabbatert pris, avhengig av kor langt ute i sesongen ein er.   

Søkjarar på bygdejakta må vera folkeregistrert i Sirdal kommune og oppfylle krava til storviltjakt. Jegerar under 18 år kan søke, men må då i samsvar med krava til opplæringsjakt ha med seg ein vegleiar. Jegerkontrakten til Statskog må då signerasrt av både opplæringsjegar og vegleiar.

Informasjon om bygdejakta i Valle, Sirdal og gml Forsand kommunerpdf, 252 kB.

Jegerkontrakt for Bygdejaktpdf, 329 kB.

Reaksjonsreglement, elg, hjort og villrein.


Les flere artikler