Tekst og foto: Frode Verpe
I budsjetthandsaminga i desember 2023 vedtok kommunestyret å styrke legevaktstilbodet i Sirdal gjennom ei prøveordning med «mobil helsehjelp». Kommuneoverlege Paul Otto Vindelev meiner at når tilbodet kjem så vil det auke tryggleiken i heile kommunen.
Vindelev tok til i gjerninga som kommuneoverlege i Sirdal i 2020, etter mange år som anestesilege i Norsk Luftambulanse. – Sirdal er ein langstrakt kommune og det er viktig å sørge for at folk får medisinsk hjelp der dei er, når dei treng det. Mobil helsehjelp med lege og medisinsk fagpersonell er eit godt og viktig supplement i den akuttmedisinske kjeda, meiner han.
Arbeidsgruppe
I budsjettvedtaket løyvde kommunestyret midlar til etablering av ei prøveordning med «mobil utrykningsenhet» for å sikre «innbyggere og tilreisende helsehjelp i hele kommunen». Sirdal kommune hadde ut 2023 driftsansvaret for ambulansetenesta og kostnadene til den nye prøveordninga vert dekt inn med dei midlane som tidlegare gjekk til dette.
I januar 2024 sette kommunedirektør Aud Sunniva Fuhr ned ei arbeidsgruppa for å utgreie etablering av prøveordninga med mobil helsehjelp. Arbeidsgruppa vart leia av konsulenten Bjarne Aksnes Martinsen frå verksemda Komsult AS. Med seg i arbeidet hadde han kommunalsjef Lotti Karjala Løvhaug og kommuneoverlege Paul Otto Vindelev. Tilrådinga frå arbeidsgruppa vart levert i april og presentert for oppvekst- og levekårsutvalet i mai. No vert arbeidet med å førebu etableringa starta.
I drift etter sommarferien
Kommunedirektøren fortel at rekruttering og naudsynte førebuingar vert sett i gang før sommaren. Av praktiske omsyn vert tilbodet satt i drift etter sommarferien. Det er tilrådinga frå arbeidsgruppa som vert styrande for etableringa, men det er rom for justeringar undervegs.
– Arbeidsgruppa har jobba godt og levert ein god rapport. Eg har avgjort å legge rapporten som grunnlag for etablering av tilbodet. Samstundes er dette ei prøveordning som skal evaluerast. Det er viktig å hauste erfaringar både frå brukarane og dei som jobbar i tenesta. Så kan ein gjere justeringar etter kvart, fortel kommunedirektør Aud Sunniva Fuhr.