Mats tek ansvaret lokalt

|

Tekst og foto: Frode Verpe

Frå 1. januar 2024 overtok Flekkefjord brannvesen (FBRV) det faglege ansvaret for brann- og redningstenesta i Sirdal. No er det tilsett driftsleiar lokalt.

Sirdal kommune har inngått avtale med Flekkefjord kommune om fagleg leiing av Sirdal brann- og redningsvesen, men det operative ansvaret og personalleiinga ligg ennå lokalt. No er Mats Tjørhom (32 år) tilsett i 30 % stilling som driftsleiar for Sirdal brann- og redningsvesen. Mats har brei erfaring som brannmann, men har òg viktig lokalkunnskap. 

Tjørhom skal leie brannstasjonane i Tonstad og ved Svartevatn. Stillinga omfattar personalansvaret for totalt 24 dyktige brannmenn, leiing av ressursane ved operativt arbeid og vedlikehald av alt utsyr ved båe stasjonane. Vi ønskjer Mats lykke til med det ansvarsfulle og viktige arbeidet!


Les flere artikler