Marknadsdag på Eliastunet 

Tekst og foto: Frode Verpe

Laurdag 6. juli vert det arrangert marknadsdag på Eliastunet. Arrangementet er ein del av Heimesommar-tiltaket. No søkjer dei fleire utstillarar.

Heimesommar er eit populært tiltak med ei rekke ulike aktivitets- og kulturarrangement gjennom sommaren. I år vert det for første gang arrangert marknadsdag og Øystein Tjørhom, leiar for oppvekstutvalet, oppmodar fleire om å melde seg som utstillarar. – Dette er ei god moglegheit for lokale verksemder, lag og foreiningar til å profilere seg eller selje varer. Privatpersonar som lagar produkt på hobbybasis, kan sjølvsagt òg delta, seier han 

Gratis for alle 
Oppvekstutvalsleiaren har det overordna ansvaret for Heimesommar. Han fortel at dei ønskjer at terskelen for å vere utstillar skal vere så låg som mogleg. – I god Heimesommar-ånd er det heilt gratis å vere både utstillar og publikum. Dei som ønskjer å stille ut, må sende ein e-post til heimesommer@sirdal.kommune.no innan 7. juni, der dei fortel kva dei skal stille ut eller selje, kor stor stand dei treng og om dei har behov for straumtilkopling. Så fiksar vi resten, fortel Tjørhom. 

Tjørhom fortel at dei så langt har fått påmeldingar frå ein del utstillarar, men at dei både har plass til og ønskjer, mange fleire. – Målet er å få til ein artig og sosial marknadsdag etter god gamaldags oppskrift. Då skal det helst yre av liv. Så jo fleire som stillar ut, dess betre er det, meiner han. 


Les flere artikler