Lokaler til konfirmasjon 2027

Har du konfirmant til neste år og er på jakt etter eit selskapslokale?

Sirdal kommune har følgjande lokale til utleige, som er godt eigna til konfirmasjonsselskap:

  • Sirdal kulturhus
  • Tjørhom grendehus

Meld di interesse inn til oss og bli med i trekninga om lokala. Frist for påmelding er 1. oktober 2026.

Ved påmelding ber me deg senda inn følgjande opplysningar:

  • Namn og adresse
  • Telefonnummer og e-postadresse
  • Kva lokale du ønskjer å leige
  • Dato for konfirmasjonen / ønskja leigedato

Påmelding sender du til post@sirdal.kommune.no.


Les flere artikler