Nytt bilete og nye moglegheiter til å teste lokalkunnskapen. Klarar du å kjenne att kor motivet er ifrå?
I denne konkurransen kan du teste kor godt du kjenner Sirdal. Kvar veke legg me ut eit biletutsnitt frå ein kjend eller mindre kjend stad i Sirdal kommune.
Svaret på den førre konkurransen var RÅGELONI. Det kom inn mange svar og det var mange som gjetta rett. Den heldige vinnaren heiter Iris Josdal. Vi gratulerer og tek nærare kontakt for å avtale utlevering av premien.
For å vere med i konkurransen må du trykke på lenka under. Skriv inn namn, e-postadresse og svaret ditt i skjemaet og send det inn. Siste frist for å svare er 8. juli kl. 12.00. Dersom du gjettar rett er du med i trekninga av ein flott tursekk.