Kor i Sirdal?

Nytt bilete og nye moglegheiter til å teste lokalkunnskapen. Klarar du å kjenne att kor bildet er ifrå? 

I denne konkurransen kan du teste kor godt du kjenner Sirdal. Kvar veke legg vi ut eit bileteutsnitt frå ein kjend eller mindre kjend stad i Sirdal kommune.

Kjært barn har tydelegvis mange namn. Det kom inn eit utal svar med ulike namngjevingar som i prinsipp tydar det same. Bildet i førre konkurranse var frå krysset på Suleskard med avkøyrsel til Brokke og Setesdal. Den heldige vinnaren heiter Terje Bjordal. Vi gratulerer og tek nærare kontakt for å avtale utlevering av premien.  

For å vere med i konkurransen må du trykke på lenka under. Skriv inn namn, e-postadresse og svaret ditt i skjemaet og den det inn. Siste frist for å svare er 14. juni kl. 12:00. Dersom du gjettar rett er du med i trekninga av eit årskort på Tonstadbadet. 

Gå til skjema.


Les flere artikler