Kor i Sirdal?

Nytt bilete og nye moglegheiter til å teste lokalkunnskapen. Klarar du å kjenne att kor bildet er ifrå? 

I denne konkurransen kan du teste kor godt du kjenner Sirdal. Kvar veke legg vi ut eit bildeutsnitt frå ein kjend eller mindre kjend stad i Sirdal kommune.

Svaret på den førre konkurransen var Indre Hauan, Hauanhuset eller Eliashuset ved Eliastunet på Tonstad. Det kom inn mange svar og det var mange som gjetta rett. Den heldige vinnaren heiter Monika Åsemoen Åmlid. Vi gratulerer og tek nærare kontakt for å avtale utlevering av premien.  

For vere med i konkurransen må du trykke på lenka under. Skriv inn namn, e-postadresse og svaret ditt i skjemaet og den det inn. Siste frist for å svare er 7. juni kl. 12:00. Dersom du gjettar rett er du med i trekninga av eit årskort på Tonstadbadet. 

Gå til skjema.


Les flere artikler