Mandag: Få med deg villreinkvelden på kulturhuset

Sirdal kommune inviterer til villreinkveld i Festsalen på Sirdal kulturhus den 10. februar kl. 19:00–21:30.

Kveldens gjest er Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter Sør på Skinnarbu. Ho skal halde foredrag om villreinen sin biologi og levesett og om korleis me kan anvende biologikunnskapen i praksis.

Målgruppa er alle som tykkjer det er interessant å høyre om villrein og alle som har tankar om korleis Sirdal skal utviklast framover. Kommunestyrerepresentantar vert særskild oppmuntra til å delta då foredraget er relevant med tanke på arbeidet som skal starte no med kommuneplanen sin samfunnsdel og tiltaksplan villrein som er venta å komme på høyring tidleg i 2025.  

Lena Romtveit er ein god formidlar med mykje kunnskap om villrein. Det vert rom for spørsmål frå salen undervegs og tid til kaffi og drøs i pausen mellom dei to foredragsbolkane.  

Vel møtt!

Program for kvelden:

19:00 – 20:00       Villreinen sin biologi og levesett

20:00 – 20:30      Pause med enkel servering

20:30 – 21:30      Anvending av biologikunnskapen

Gratis entré


Les flere artikler