|
Tekst og foto: Frode Verpe
Pleie- og omsorgstenesta i Sirdal kommune har tilbod til innbyggarar i alle aldrar. Nokre tilbod er opne for alle og andre vert ytt etter behov. To dagar i veka er det ope kafé både på Sirdalsheimen og i Helsehuset på Tjørhom.
Dagrunn Hanssen besøker kafeen på Sirdalsheimen kvar fredag. Der møter ho kjente og nyter god, heimelaga mat. – Maten er veldig god her og etter middag er det dessert, kaffi og ein prat. Det er eit veldig fint og sosialt tilbod som mange set pris på, seier ho.
Vi har det godt i Sirdal
Noko lenger inn i det lyse og trivelege lokalet sit Elias Tor Josdal saman med Kjetel Lindeland. Det er god låt kring bordet og praten går om laust og fast. Josdal fortel at han fyllar 94 år om nokre dagar, men følar seg frisk og rask. – Eg bur i omsorgsbustad her i Tonstad og kan ete middag i kafeen kvar dag. Det er eit alle tiders tilbod med god mat og høg trivsel, seier han.
Kjetel følgjer med på menyen på kommunens heimeside for å sjå om det er noko som freistar, og det er det stort sett alltid. Han kan ikkje rose tilbodet nok. – Eg er her nesten kvar einaste onsdag og fredag, og trivst veldig godt. Det er nydeleg mat til en rimeleg penge. Vi er heldige. Ja, vi har det godt her i Sirdal, seier han.
Informasjon om tilbodet
Kafeen i Sirdalsheimen serverar middag kvar onsdag og fredag kl. 13. Du finn meny og meir informasjon om tilbodet her.
I Helsehuset på på Tjørhom vert det servert middag kvar tysdag og torsdag kl. 12:30. Du finn meny og meir informasjon om tilbodet her.
Middag med dessert kostar 70 kr.