Ei poetisk og sterk forestilling!

Måndag var Kilden Teater på besøk i Sirdal med forestillinga Kilden – eller brevet om fiskaren Markus. Nær 40 publikummarar fekk oppleva denne flotte tolkinga av Gabriel Scott sine tankar.

av Gudrun Kristine Ovedal

Mange har eit nært forhold til Gabriel Scott, og særleg til historia om fiskaren Markus. Teksten er stillsam og observerande, nesten meditativ, utan ein tydeleg konflikt. Nettopp desse kvalitetane har skodespelar Henrik Rafaelsen teke med seg inn i iscenesetjinga: å ta vare på det rolege, vare og forsiktige, samstundes som teksten sine kvalitetar vert løfta fram for publikum, skriv Kilden Teater i si omtale.

Skodespelarane Lars Emil Nielsen, Mina Try og Henrik Rafaelsen har arbeidd detaljert og nøyaktig med teksten, språket og dialekten for å levandegjera Scott sitt litterære univers på scena. Med seg har dei fløytist Ingrid Ose frå Kristiansand Symfoniorkester, som har improvisert fram eit nydeleg lydbilete som byggjer opp under den vare teksten.

Publikum i Sirdal kulturhus var svært nøgde etter framsyninga. «Poetisk og sterkt» var ein av dei første kommentarane, medan ein annan sa at «Kilden Teater er hjarteleg velkomne tilbake». Stemninga var svært god både blant publikum og skodespelarar i kinosalen.

Ein halvtime før framsyninga var det førsnakk i festsalen med Harde Johannessen frå Gabriel Scott Selskabet. Han gav publikum eit godt innblikk i stykket og produksjonen. Saman med kollega Ingjerd Modal selde han bøker av Gabriel Scott etter framsyninga.

Gabriel Scott Selskabet vart stifta i 1997, og medlemmene har ein heilt særskild fascinasjon for forfattaren. I tillegg til å løfta fram Scott og forfattarskapen hans, arrangerer dei guida turar for å formidla tankane, orda og tekstane hans.

Harde Johannessen og Ingjerd Modal frå Gabriel Scott Selskabet, saman med produsent Anita M. Sædberg frå Kilden Teater.

Sirdal kommune er svært glad for å vera ein del av «Kilden ut i Agder», og gler seg til neste besøk!


Les flere artikler