Tirsdag 4. mars 2025 kommer forfatter Sigri Sandberg til Sirdal folkebibliotek, hovedbiblioteket for å snakke om hennes nyeste bok.
Sigri er forfatter av bøkene Mørke, Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus og Ro.
Det blir servering av enkel kveldsmat, boksalg og signering av bøker etter foredraget.
Sigri Sandberg har i store deler av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar.
Men ho har vore for feig.
Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap.
Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss?
Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå der ho er: I nord om vinteren, ved fjorden i våren, frå havet om sommaren, og frå fjellet om hausten.
Lesaren får i tillegg til ei personleg fortelling også geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står ovanfor.
Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendigheita inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare?
Det prøver denne boka å svare på.