Tekst: Alf Sveinung Haughom | Foto. Sirdal i Bilder
Gjennom Friluftslivets veke feirar vi norsk natur og friluftsliv, og inviterer heile Norge til å bli med ut på tur.
Å kome seg ut i naturen er god medisin for folkehelsa og Sirdal Frivilligsentral ønskjer sjølvsagt å støtte opp om dette. Vi inviterer derfor alle til å bli med på følgjande aktivitetar.
Stikk-Ut turar
Sjå kor mange Stikk Ut turar du klarar å nå i Sirdal i løpet av desse dagane. I Sirdal er det totalt 14 slike turar. Nokre er lette og kome til, andre meir krevjande. Last ned appen StikkUt på mobilen og bli med. På appen får du oversikt over alle Stikk-Ut turar blant anna i Sirdal. På Stikk UT! Lister | Stikk UT! i Lister (listerfriluft.no) kan du lese meir om ordninga . Det blir premiering av den som har nådd flest StikkUt punkter i Sirdal i løpet av friluftsveka. I tillegg trekk vi også ut eit par tilfeldige vinnarar blant dei som har registrert seg i løpet av friluftsveka på ein eller fleire stadar. Dette er eit samarbeid med Lister friluftsråd.
Fotokonkurranse
Bli med i tevlinga om å ta det flottaste naturbildet. Kravet er at biletet er tatt mellom 31. august og 8. september og at motivet er frå Sirdal. Bileta sendes til e-post ash@sirdal.kommune.no med evt. tittel, kor bildet er tatt og namn på den som har tatt biletet. Kvar fotograf kan maks sende inn 3 bilete. Egen jury kårar det finaste biletet som også vert premiert.
Hugs at du kan låne friluftsutstyr heilt gratis på BUA. Sjekk bua Sirdal på nettet for å sjå kva me har av utstyr til utlån. BUA har opent kvar tysdag mellom kl.12.00-16.00 og torsdag mellom kl. 13.00-17.00.