Aukar tilskotet med 200 000

|

Tekst og foto: Frode Verpe

Sirdal kommune har gode tilskotsordningar for bustadbygging. No har kommunestyret vedteke å gjere dei endå betre. 

Kommunestyret behandla den 15. mai saka om revidering av reglement for finansiell støtte til bustadbygging. Det vart vedteke å styrke tilskotet til bustadbygging utanfor kommunale felt med 200 000 kr. Tilskotet er eit såkalla rente- og avdragsfritt lån som kjem i tillegg til dei 300 000 kr som låg inne i reglementet frå før. Dette inneber ei samla støtte på inntil 500 000 kr. Det nye tilskottet vert ytt mot dokumentasjon av kostnader til gebyr, ras- og flaumsikring, veg, vatn, avløp og straum. 


Les flere artikler