Snart klart for Sommarles.no! 

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1. – 7.klassingar i Sirdal vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 166 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Sommarles.no gjer det gøy å lese! 

– Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les. 

–  Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.

– Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. 

– I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! 

– Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS. 


Les flere artikler