Aktiv sommar i Sirdal

Tekst og foto: Frode Verpe

I sommar vert BUA Sirdal drive av unge sirdølar i sommarjobb. Dei tek fatt i oppgåva med kunnskap, humør og engasjement. Utstyrshyllene er fylt opp, og dei planlegg ei rekke spanande sommaraktivitetar.

Birgitte Haughom (21 år) og Karoline Haughom (21 år) skal saman med Adrian Skeie (20 år) syte for at sirdølar og tilreisande får ein aktiv sommar. Frå 20. juni og fram til rundt midten av august skal BUA halde ope kvar einaste dag frå klokka 08.30 til 16.00, men det er ikkje berre utlån av utstyr dei har fått ansvar for. – Vi legg opp til at BUA skal vere ein sosial treffplass som gjev barn og unge ein aktiv sommar. På tysdagar og torsdagar skal vi arrangere ulike aktivitetar på området rundt BUA. Om vi får dårleg vêr, kan det vere at nokre av aktivitetane vert i idrettshallen. Informasjon om aktivitetane vert lagt ut på Facebook-sida til BUA, seier Birgit og Karoline.

Godt folkehelsetiltak
Dei to unge kvinnene tek utdanning som gjer at sommarjobben i BUA treff midt i blinken. Birgitte studerer folkehelse og Karoline studerer fysioterapi. To utdanningar der aktivitet og rørsle er heilt sentralt. – BUA er eit godt døme på folkehelsearbeid. Det legg til rette for at alle kan delta i dei aktivitetane dei ønskjer, og motiverer til deltaking. Gode og sunne vanar må etablerast i ung alder og det gjev BUA alle like gode moglegheiter til, forklarar Birgitte.

Aktivitetane i sommar er fyrst og fremst retta mot barn og unge, men utlån av utstyr er for alle. Dersom du ønskjer å låne utstyr er det likevel nokre reglar du må kjenne til. – For å låne utstyr må ein opprette ein låneprofil og ha norsk bustadadresse og mobilnummer. Barn og ungdom under 18 år kan låne utstyr, men ein myndig person må vere ansvarleg for lånet. Turistar og andre som ikkje har norsk bustadadresse kan få opprette ein gjesteprofil hos oss i BUA. På heimesida bua.no finn ein informasjon om korleis systemet fungerer. Der kan ein òg opprette låneprofil, informerer Karoline.

Birgitte Haughom (21 år) og Karoline Haughom (21 år) skal syte for at sirdølar og tilreisande får ein aktiv sommar.

Turistinformasjon
I år vert turistinformasjonen på Tonstad drifta frå BUA-lokala, og det er dei driftige sommarhjelpene som har ansvaret. No har dei finpussa språk- kunnskapane. – Eg har hatt sommarjobb i turistinformasjonen i fleire år og det kjem turistar frå heile verda. Men flest frå Nederland, Danmark, og spesielt Tyskland. Dei fleste tyskarane talar lite engelsk, og da må ein trø til med tysken vi lærte på skulen, seier Birgitte.

Turistinformasjonen skal ha dei same opningstidene som BUA . Birgitte ser fram til jobben, og fortel at god lokalkunnskap er viktig for å kunne gje eit godt tilbod til turistane. – Turistane har veldig varierte spørsmål og utfordringar, men mange ønskjer tips om turar, aktivitetar og overnattingsmoglegheiter. Då er det viktig å ha god oversikt over kva som skjer i kommunen. Vi skal ha høgt servicenivå og det vert sjølvsagt mogleg å få seg ein kopp kaffi og ein vaffel eller to, seier Birgitte og Karoline.

Sommarjobbgaranti
Birgitte og Karoline fortel at inntektene frå sommarjobben er eit viktig tilskott til ein slunken studentøkonomi. Dei aller fleste av medstudentane deira forsøker å få sommarjobb, men det er ikkje lett. – Mange seier at dei slit med å få sommarjobb. Det får meg til å tenke kor heldige vi er her i Sirdal, med ein kommune som garanterer for sommarjobb for alle i tre veker, seier Karoline.

Frå 2019 har Sirdal kommune garantert sommarjobb til alle ungdom. Tiltaket er i samarbeid med næringslivet og kommunen bidreg økonomisk. – Det er eit veldig godt tiltak for ungdom, og det bidreg til at vi som reiser ut for å studere vert ekstra godt knytt til heimkommunen vår gjennom heile studiet, meiner ho.

Alf Sveinung Haughom er leder for BUA Sirdal.

Sjefen for det heile

BUA er eit nettverk med 197 kommunar som lånar ut aktivitetsutstyr. Gjennom å fjerne utstyrsbarrierane legg dei til rette for at barn og unge skal få prøve fleir og meir varierte aktivitetar. BUA Sirdal ligg rett ved kunstgrasbanen og kulturhuset på Tonstad. Det opna 1. desember 2023 og har i løpet av kort tid vorte ein suksess. Alf Sveinung Haughom er eldsjel og sjef for det heile. – Bua er ei inkluderande og god løysing. Hit kan både fastbuande og turistar kome for å låne utstyr til aktivitetar. Innhaldet i utstyrshyllene endrar seg etter sesong. No er dei fylt opp med alt frå tursekkar og telt til rullebrett og vassportsutstyr, fortel han.

Til vanleg har BUA ope to dagar i veka, men i sommar vert det altså ope kvar einaste dag i kombinasjon med turistinformasjonen. Alf Sveinung er spent på korleis tiltaket vert motteke. – Sommar betyr mykje fritid for barn og unge, og då ønskjer vi å legge ekstra godt til rette for at dei kan fylle tida med sunne og sosiale aktivitetar. I tillegg til utlån av utstyr og aktivitetar på kunstgrasbanen, satsar vi på å samarbeide med Tonstadbadet om aktivitetar på badeplassen. Dette er BUA sitt bidrag til det allereie rikhaldige Heimesommar-programmet. Eg trur det vert ein spanande og fin sommar for barn og unge i Sirdal, avsluttar Alf Sveinung.


Les flere artikler