Denne fredagen blir forfattar Tore Kvæven bokbada av Anja Kristin Haughom frå Sirdal bibliotek.
-Fredag 25. september får me storfint besøk her på Slottet Sirdal! Vår eigen lokalkjende forfattar, Tore Kvæven, kjem for å feira og presentera den rykande ferske romanen sin, Eit spor til endes, skriv Slottet på eigne nettsidar.
Det blir ein kveld fylt med god stemning, litteratur og lokalt engasjement!
Kva skjer denne kvelden?
- Bokbad: Tore blir bokbada av Anja Kristin Haughom frå Sirdal bibliotek og Magnar Undheim, som vil ta oss med inn i historia bak boka og forfattarskapet.
- Signering: Det blir sjølvsagt moglegheit til å sikre seg eit signert eksemplar av den nye romanen.
Eit spor til endes er ei nær og sterk historie frå slutten av 1800-talet om oppvekst på fjellgarden Helleren i Vatnedalen, om naturen sine krefter, og om å finna sin eigen veg når heimen og livet endrar seg.
Fredag 25. september kl. 19.00


