Påminning om bandtvang i skiløyper

Sirdal kommune minner om at hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn i alle lysløyper og tråkkemaskinpreparerte skiløyper. Hundar som er med skal ikkje vera til hinder for andre som brukar skiløypene, jf. Forskrift om hundehold, Sirdal kommune, Vest-Agder – Lovdata § 3.

Av omsyn til dyre- og fuglelivet og andre turgåarar opppmodar kommunen deg til å ha hunden i band også utanfor skiløypene.

Hundar skal alltid haldast under slikt tilsyn at dei ikkje driv eller forfølgjer vilt. Jakthundtrening, jakthundprøvar og dressur kan berre føregå etter samtykke frå grunneigar, jf. Lov om forsvarlig hundehold (hundeloven) – Lovdata § 4 og 8.


Les flere artikler