Nytt bilete og nye moglegheiter til å teste lokalkunnskapen. Klarar du å kjenne att kor motivet er ifrå?
I denne konkurransen kan du teste kor godt du kjenner Sirdal. Kvar veke legg me ut eit biletutsnitt frå ein kjend eller mindre kjend stad i Sirdal kommune.
Svaret på den førre konkurransen var fotballbanen/gressbanen på Tonstad. Det kom inn mange svar, og mange som gjetta rett. Den heldige vinnaren heiter Lena Nilsen. Vi gratulerer og tek nærare kontakt for å avtale utlevering av premien.
For å vere med i konkurransen må du trykke på lenka under. Skriv inn namn, e-postadresse og svaret ditt i skjemaet og send det inn.
Siste frist for å svare er 3. oktober kl. 12.00. Dersom du gjettar rett er du med i trekninga av ein flott tursekk.