17. mai-feiring 2024

|

Tekst: Frode Verpe, Foto Simen Haughom

17. mai, Noregs nasjonaldag, er rett rundt hjørnet og som vanleg vert dagen feira med arrangement fleire stader i kommunen. Engasjerte medlem i 17. mai-komiteane har sett saman flotte program for den store festdagen. Programma for Tonstad, Sinnes og Øksendal kan du lese noko lenger ned på denne sida.

I år er det 210 år sidan Noregs grunnlov vart underteikna på Eidsvoll. Det gjekk likevel noko tid før dagen vart feira på det viset han vert i dag. Riktig nok var det einskilde markeringar av grunnlovsdagen i 1820-åra, men den svensk-norske kongen, Carl Johan likte det dårleg. Han oppfatta det som ein provokasjon mot Sverige og kongefamilien, og i 1828 la han ned eit ettertrykkeleg forbod mot å feire 17. mai.

Slike forbod manar sjølvsagt til motstand. I åra som følgde vart det difor stadig vanlegare å markere 17. mai i opprør mot den svenske kongen. Det gjekk så langt at kongemakta satt inn militærstyrker med sverd og sablar for å spreie dei feirande i hovudstaden i 1829.

Det var først etter at kong Carl Johan døydde i 1844 at dagen vart feira fritt over heile landet. I år er det 180 år sidan. Sidan då har 17. mai vore ein festdag for alle og ei viktig markering av Noregs sjølvstende, fridom og demokrati.

Program for dagen

Tonstad

08.00Flaggheising ved kommunehuset
10.00Festgudsteneste i Tonstad kyrkje
11.0017. mai-toget startar frå kyrkja
11.15Toget stansar ved Sirdalsheimen Appell v/Olha Yutovets (Ukraina)
12.00Ankomst Sirdal kulturhus. 
Informasjon om dagens program 
1-4 klasse (Tonstad skule) synger
12.15Leiker for barn.
12.30Tale for dagen ved Wenche Hatice Cakir (9. klasse)
12.45Natursti for heile familien.
13.45«Andeløp» og oppstart Bilrebus.
15.00KAHOOT i kinosalen

Andeløp: kr. 50 per and (start salg 1 uke før 17. mai). Premie: kr. 5 000 til vinnaren.
Bilrebus: kr. 50 per passasjer (Ideal veivalg, 10 poster) Premie: 2 gavekort a kr. 1 000
Tonstad IL har sal av grillmat, pølser, is, brus, kaker og kaffi.
Leder for 17. mai-komiteen: Børge Aamlid

Sinnes

11.00Velkomen – oppstilling til tog
Tog
Etter tog:Appell ved Signe, leiar av elevrådet.
Song: «Ja, vi elsker dette landet».
12.10Barneleker, hoppeslott og natursti.
13.30Mat og kaker i gymsalen.
14.30Tale for dagen ved Roger Grubben. Song.
15.30Kåring av vinnar, natursti.

Andeløp: kr. 50 per and (start salg 1 uke før 17. mai). Premie: kr. 5 000 til vinnaren.
Bilrebus: kr. 50 per passasjer (Ideal veivalg, 10 poster) Premie: 2 gavekort a kr. 1 000
Tonstad IL har sal av grillmat, pølser, is, brus, kaker og kaffi.
Leder for 17. mai-komiteen: Børge Aamlid

Øksendal

13.30Samling på Øksendal skule.
Lapskaus, kaffi og kaker.
Sal av pølser, is og brus.
Leikar for born og vaksne.
Sporleik.

Entre: Vaksne 150 kr / born 50 kr / familie 350 kr. Betaling med kontant eller Vipps.


Les flere artikler